• Sorg. Ei lita bok om å vere lei seg

«Kristian Fjellanger har greidd kunststykket å skrive ein rørande og morosam pageturner om å vere i sorg»
– Agnes Ravatn, forfatter 

– Kvar i kroppen din kjenner du at du er sint? spør psykologen.

Altså, kva i helvete, tenkjer eg, men prøver å sjå uforstyrra ut.

– Ja. Jo. Eg kjenner det vel kanskje i magen? Og så seier eg at eg kjenner det litt i augo òg, berre for å heilgardere meg.

Til saman døydde det 40.725 menneske i Noreg i 2015. I tillegg til pappa. Det var ein søndag. Eg hadde freista å kontakte han heile dagen. Søstera mi fann han i senga si på ettermiddagen. Og brått vart heile livet snudd på hovudet.

Sorg er noko me alle opplever fleire gongar i løpet av livet. Likevel er det vanskeleg å snakke om. Det er vanskeleg å seie at ein er lei seg . Det er vanskeleg å vite kva ein skal seie til den som er lei seg.

Kristian Fjellanger har skrive ei lita bok om å vere lei seg. Om kva som skjer inni hovudet og med kroppen. Om korleis samfunnet stiller seg til det. Og om kva som skjer når alle andre har gått vidare og du berre er ein klump med vondt. Og for å røpe slutten: Ein dag kjem du til å bli glad igjen.

«Det er neppe mulig å lage en oppskrift på hvordan man skal takle sorg, men Kristian har skrevet nært, troverdig og tidvis lettbeint og humoristisk om hvordan det var for han. Han tar oss med ned i sitt eget sorte hull og gir både seg selv og leserne noen nyttige tips på veien.»
– Andreas Halse, Dagbladet 

«(...) jeg er helt sikker på at boken i sin helhet vil hjelpe andre mennesker med å komme gjennom det som der og da oppleves som en fullstendig umulig sorg.»
– Eskil Skjeldal, Vårt Land

Sorg. Ei lita bok om å vere lei seg

  • Type: Innb.
  • Forfattere: Kristian Fjellanger
  • År: 2016
  • ISBN: 9788283420159
  • Språk: Nynorsk
  • Tilgjengelighet: På lager
  • Kr 349,00
  • Kr 149,00


Flere bøker av samme forfatter

Byrået. En såpeopera om makt, mord og mageregulerende middel.

Byrået. En såpeopera om makt, mord og mageregulerende middel.

Kr 149,00 Kr 249,00 Eks. mva: Kr 149,00

Samir og den lange reisa

Samir og den lange reisa

Kr 149,00 Kr 279,00 Eks. mva: Kr 149,00

Feit. Mitt liv som tjukkas – POCKET

Feit. Mitt liv som tjukkas – POCKET

Kr 79,00 Kr 149,00 Eks. mva: Kr 79,00

Feit. Mitt liv som tjukkas

Feit. Mitt liv som tjukkas

Kr 99,00 Kr 269,00 Eks. mva: Kr 99,00